-

Tenesteoversikt

Det er to kommunale barnehagar i Aukra kommune.
Bergetippen barnehage i Julsundet, og Barnebo barnehage på Gossen.

Her kan de lese meir om barnehagane :
Barnebo 
Bergetippen

 

Les meir om tenesta

Barneverntenesta er ei interkommunal teneste for kommunane Aukra, Molde og Vestnes. Molde er vertskommune. Barnevernet skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helse og utvikling får hjelp til rett tid. Tenesta skal bidra til at barn får trygge oppvekstvilkår.

Trykk her for meir informasjon om kva barnevernet kan hjelpe med.

Familievernkontoret gir tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Dei kan òg gjennomføre samtalar med barn.

Familievernkontoret tilbyr kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema, og utfører obligatorisk mekling.

Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt.

Helsestasjonen driv førebyggande og helsefremmande arbeid i kommunen, særleg retta mot barn, unge og foreldre. Tenesta er eit lågterskel tilbod, som vil seie at ein kan ta kontakt ved behov, enten via telefon eller komme innom. Her kan ein få råd og rettleiing rundt barns vekst og utvikling. Helsestasjonen samarbeider mellom anna med fastlege, fysioterapeut, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern.

Les meir om tenesta 

Jordmor

Aukra kommune samarbeidar med Molde kommune om jordmortenesta. Kommunen har ikkje jordmor tilstades på Gossen eller Julsundet. Alle timar vert gjennomført i Molde.

  • Jordmortenesta har som mål å ivareta det ufødte barnet, den gravide og hennes familie gjennom svangerskapet, fødselen og den første tida etterpå
  • Svangerskapskontrollar etter anbefalt oppsett, men hyppigare ved behov
  • Svangerskapskurs ved behov
  • Heimebesøk etter fødsel. Heimebesøk kan også avtalast i svangerskapet ved behov

 

Aukra kommune har ikkje eigen helsestasjon for ungdom. Ungdom som har behov for kontakt med helsesjukepleiar kan kontakte helsesjukepleiar på helsestasjon eller skolehelsetenesten. Her kan du få hjelp og råd frå helsesjukepleiar. Dei som jobbar der har teieplikt.

Ungdom frå 13- 20 år eller elevar som går på vidaregåande skole kan òg nytta seg av tilbodet i Molde eller Hustadvika. 

Døme på emne som du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Menstruasjon
  • Forelsking og andre kjensler
  • Røyking, snus og anna rusrelatert
  • Graviditet
  • Seksualitet
  • Problem på skolen eller heime
  • Einsemd
  • Etevanskar
  • Psykiske vanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt overgrep, vald/sjukdom i familien

Helsesjukepleiar kan mellom anna hjelpa deg med:

  • Samtale
  • Graviditetstest
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Gratis kondomar
  • Testing av kjønnssjukdomar

 

Krisesenteret skal yte hjelp til mennesker som lever i uverdige forhold med nokon av sine næraste, og/eller som vert utsett for vald, overgrep og krenkingar. Arbeidet mot vald i nære relasjonar har eit familieperspektiv. Hjelpetilbodet er gjerne i samarbeid med familievernkontor, politi, fastlege med fleire.

Krisesenteret for Molde og omegn IKS er eit tilbod til innbyggjarane i Aukra, Gjemnes, Hustadvika, Molde, Rauma, Sunndal og Vestnes.

Nyttige lenker:

Er du utsatt for vold? – Politiet.no

NKVTS – Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress

Hjem – Nok. Norge Ingen skal bli utsatt for seksuelle overgrep – (noknorge.no)

KORUS – St. Olavs hospital (stolav.no)

 

Les meir om tenesta

Aukra kommune har eit rikt og variert kulturtilbod til barn og unge. Kommunen si heimeside har ei oversikt over desse tilboda her

Du finner oversikt over lag og organisasjonar i kommunen her

Aukra kommune har etablert ei tilskotsordning kalla «kontantkassa» som skal bidra til at barn og unge  mellom 6 og 18 år kan delta på ein fritidsaktivitet. Les meir om kontantkassa her

Pedagogisk psykologisk teneste for Aukra og Molde (PPT) gir barn og foreldre råd og rettleiing om utvikling, opplæring, trivsel og tilpassing i heim, barnehage og skole.

Målet er å bidra til at barn 0-16 år, ungdom i vidaregåande skole og vaksne med særskilte behov får best mogleg læring og utvikling.

Tilsette i PP- tenesta har teieplikt.

Les meir om tenesta

Tilbodet omfattar:

  • Støttesamtaler
  • Familiesamtaler
  • Råd og rettleiing individuelt og i grupper
  • Utredning av aktuelle problemstillingar
  • Koordinering av tiltak
  • Dagtilbod
  • Oppfølging av ruskontraktar
  • Rustesting

For meir informasjon og søknadsskjema trykk her

Les meir i Aukra kommune sin  Plan for psykisk helse og rus 

Det er to skolar i Aukra kommue:

Gossen barne- og ungdomsskole

Julsundet skole

Skolehelsetenesta er eit tilbod for barn og ungdom mellom 5 og 20 år. Skolehelsetenesta skal bidra til god helse blant barn og ungdom, slik at dei opplever meistring, trivsel og struktur i skolekvardagen.

Hos helsesjukepleiar kan du spørje og snakke om det du lurer på. Du kan også ta kontakt dersom du har ein venn som treng hjelp. Skolehelsetenesta tilbyr også:

  • Skolestartundersøking (helseundersøking for 1. trinn på barneskolen)
  • Undervisning i grupper og klassar om mellom anna fysisk, psykisk og seksuell helse
  • Helsesamtale på 8. trinn
  • Veging og måling
  • Vaksinering
  • Drop-in for råd og rettleiing

Meir informasjon på Helsenorge her

Les meir om tenesta

SLT er ein Samordningsmodell for Lokale, førebyggande Tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrar at dei ressursar som allereie finst hos kommunen og politiet blir meir samkøyrde og målretta. Modellen skal sørgje for å koordinere kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar, men også foreldre, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar.

SLT-koordinatoren jobbar med lokale førebyggande tiltak mot rus og kriminalitet, i hovudsak mot barn, unge og føresette. Målet er at kommunen sine barn og unge skal ha gode oppvekstvilkår og få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper.

Meir informasjon om SLT finn du på kommunen sine heimesider

Saman med lokalt politi har kommunen utarbeidd ein rettleiar som gir kunnskap om korleis ein kan førebyggja, oppdaga, møta og følgja opp valdeleg ekstremisme. Den er særleg tiltenkt tilsette i offentlege tenester, private og offentlege arbeidsgjevarar og leiarar i frivillige lag og organisasjonar, men er og relevant for innbyggjarane elles. Målet med rettleiaren er at den skal fungera som eit oppslagsverk der ein kan finna informasjon om omgrep, handlingsplanar, litteratur, kontaktpersonar og lenkjer til relevante nettstader. Den har også ei handlingsløype som seier kva du skal gjer ved bekymring. Rettleiaren finn du her